Skip to content

Cowboykicks

Bakkar og Berg

A modern twist on Norwegian cultural heritage, where Ivar Aasen's national romanticism meets euphoric trance.

Cowboykicks · Nattarkiv Studio

Lyrics

Verse 1

Millom Bakkar og Berg ut med Havet

Heve Nordmannen fenget sin Heim

Der han sjølv heve Tufterna gravet

Og sett sjølv sine Hus uppå deim

Han såg ut på dei steinutte Strender

Det var ingen som der hadde bygt

"Lat oss rydja og byggja oss Grender

Og so eiga me Rudningen trygt."

Han såg ut på det bårutte Havet

Der var ruskutt å leggja ut på

Men der leikade Fisk ned i Kavet

Og den Leiken den vilde han sjå

Fram på Vetteren stundom han tenkte

Giv eg var i eit varmare Land

Men når Vårsol i Bakkarne blenkte

Fekk han Hug til si heimlege Strand

Og når Liderna grønka som Hagar

Når det laver av Blomar på Stå

Og når Næter er ljosa som Dagar

Kann han ingenstad vænare sjå